Du er her


Førdefestivalen vert arrangert onsdag-søndag i veke 27 kvart år. Den er det største fleirkulturelle musikkarrangementet i Norge. Første festivalen vart arrangert i 1990.

I mer enn 25 år har Førdefestivalen presentert musikk med røter i kulturar frå heile verda for eit breitt publikum. 

Festivalen presenterer etnisk musikk frå heile verda og søker å engasjere dei beste utøvarane innan dei mange musikkulturar og musikk-uttrykk forskjellige stedar på kloden. Den er kjent for eit programval som appellerer til eit ope og nysgjerrig publikum, og går ikkje alltid den breie vegen når det gjeld val av musikarar.Dette fordi festivalen ynskjer å la publikum få oppleve noko av det fantastiske mangfaldet av musikk-kulturar og -tradisjonar som finst på kloden vår, gjennom eit variert program med konsertar, kurs, utstillingar, barneaktivitetar og turar. Kulturhuset Førdehuset er hovudarena for dei mange konsertane, men festivalen har òg samarbeid med med andre kulturinstitusjonar, hotell og kyrkjer om arrangement under festivalen. Vi skal heller ikkje gløyme at den vakre Vestlands­naturen dannar ei unik ramme om festivalen og mange av konsertane...

Den norske folkemusikken er ein stor og naturleg del av festivalprogrammet, og festivalen legg særskilt vekt på å få fram unge musikarar og nye produksjonar.

Folkemusikk
Verdensmusikk
Dans
Knutepunktfestival
Konferanse
Barn og Unge
Tilgang for handikappede