Du er her

I 2018 vert Norsk Country Treff (NCT) arrangert for 24.gong. I løpet av tredje helga i juli vil artistar og grupper stå på scena på fleire arenaer i heile kommunen. Hovudarenaen ligg på Norsk Fjordhestgard på Breim i Gloppen kommune.

Sidan første festivalen i 1995, har festivalen sakte, men sikkert vakse seg til å bli eit av dei største kulturarrangementa i Sogn og Fjordane og det største arrangementet på Vestlandet innan sin sjanger. Frå 2000 besøkande første året, var det i 2009 ny publikumsrekord med over 13 100 personar innom arrangementa, som finn stad i heile Gloppen.

NCT har ikkje som målsetting å bli den største festivalen, men å vere den beste. Kvalitet på alle plan er kjennemerket vårt. Vi prøver kvart år å vidareutvikle organisasjonen både for artistar, publikum og ikkje minst for alle dei 700 funksjonærane som trår til desse dagane. Det er vorte ein tradisjon for Glopparar og andre countryinteresserte å sette av denne helga til dugnadsarbeid, sosialt fellesskap og kulturelt påfyll. Det er ein tradisjon vi håpar vil halde fram i mange år. Ved å ha ei kontinuerlig vidareutvikling trur vi dette er mogleg.

Country, Populærmusikk og Rock
Dans
Country
Knutepunktfestival
Barn og Unge