You are here

Landskappleiken

Dato: 22.-26. juni 2022, Rjukan i Tinn

Årleg samlast omlag 1000 aktive folkemusikarar, songarar og dansarar i 5 dagar i slutten av juni. Omlag 3000 - 5000 tilreisande kjem til Landskappleiken.

Landskappleiken er eit noregsmeisterskap i folkemusikk og folkedans, der det vert konkurrert i pardans, hallingdans, vokal, hardingfele, fele, durspel og eldre folkemusikkinstrument, i både junior-, senior- og eliteklasse. I tillegg til konkurransar, kan ein få med seg ulike konsertar og sosial dans på kveldstid. Landskappleiken er såleis eit svært publikumsvennleg arrangement for folk i alle aldrar.

Arrangementet er ambulerande og flyttar kvart år til ein ny arrangementsstad. Det er FolkOrg – organisasjonen for folkemusikk og folkedans som eig arrangement, men har kvart år ein lokal arrangør som er eit eller fleire av dei lokale laga i organisasjonen.

Landskappleiken er eit arrangement med røter tilbake til 1896, da den fyrste Landskappleiken var arrangert i Bergen av Vestmannalaget. Frå 1923 har FolkOrg (tidlegare Landslaget for spelemenn) vore eigarar av arrangementet.

Folkemusikk
Dans
Konkurranse