Du er her

Då Folkemusikkdagane i Ål tok til i 1976, hadde ikkje folkemusikken i Noreg andre nemnande arenaer å vise seg fram enn på kappleikar. Presentasjonsformene for slåttespel, kveding og bygdedans hadde for lengst stagnert.

Entusiastar i Ål, som året før hadde vore på studietur til Kaustinen i Finland, såg med ein gong korleis dei kunne utvikle ein festival i ordet si rette tyding: Folkefest over 3-4 dagar, med store sceneframsyningarog intime temakonsertar, drøftingsemne, seminar, kurs, humor, dans til frukost og dans til kvelds, nattkonsertar, mm. Det var eit mål for arrangøren at utøvarane skulle få framføre musikken under gode tekniske tilhøve, og la dei få utfalde seg for eit sakkunnig publikum. 

Dette var noko nytt i landet, folkemusikk i kunstnarleg utfalding, i eit folkeleg miljø, gjennom fleire døgn, utan tevling og poengjag.

Frå 1979 kom kyrkjekonsertane som er blitt noko av eit varemerke, der felespelarane og songarane fekk vist sider av repertoaret sitt som dei aldri kunne ha brukt på kappleikar. Desse konsertane førte til «brubygging», musikalske lyft og samkjensle mellom ulike miljø i bygda. Tradisjon og nyskaping har soleis bore frukter:  Folkemusikkmesse i Ål kyrkje er blitt eit omgrep, eit kvalitetsopplegg der god musikk og ny liturgi inspirerer arrangørar landet rundt. 

Heilt sidan starten har den uhøgtidelege Bygdamønstringa (fritt fram for alt og alle!) vore ein grunnpillar i programmet, – alltid populært og morosamt. Det siste tiåret har Fanitulltevlinga garantert store musikalske opplevingar, den einaste tevlinga i landet der deltakarane, utan klasseinndeling – og med vanleg fele og hardingfele side om side – står fram i den skirselden det er å skulle måle seg med dei beste spelemennene i landet.

Hallingdal har i over hundre år vore naturleg stoppe- og konsertstad for felespelarar på nasjonalt nivå. Folkemusikkveka går inn i ein tradisjon og inviterer til minnerike opplevingar i eit mangfald av fine konsert- og danselokale.

Folkemusikk
Dans