Du er her

Jørn Hilme Stemnet er ein av dei største folkemusikkfestivalane i Valdres - og ein av dei største folkemusikkfestivalane i Noreg.

Det er Valdres Folkemuseum, og den dåverande styraren Eiliv Odde Hauge som har æra for at stemnet starta i 1960. Stemnet er såleis den eldste folkemusikkfestivalen i landet. Etterkvart tok Valdres Folkemusikklag over ansvaret for gjennomføringa, og ofte var det den tilsette folkemusikksekretæren som gjorde mykje av førebuingsarbeidet.

Stemnet var frå starten ein kombinasjon av kappleik, konsertar, teater og dans, og ved opninga i 1960 vart det t.d premiere på ei teaterframsyning om Jørn Hilme, men mange da dåtidas mest profilerte spelemenn i rollene. Dei siste åra er konsertane ytterlegare vektlagt, men kappleiken er framleis ein av dei største i landet. Stemnet gjev rom både for den tradisjonelle folkemusikken og dansen, og for dei som eksperimenterer med utgangspunkt i folkemusikk. Stemnet er ein viktig arena for møtet mellom folkemusikarar og publikum, og spesielt ein arena for det aktive publikummet!.

Nettopp kombinasjonen av kappleik, festival, kurs og dans gjer stemnet populært. Vi er såleis særs stolte av at vi truleg er festivalen med det beste dansetilbodet, og at alle kan delta på kurs og kappleik. Her finn du litt av alt. I 2013 hadde me ca. 7500 besøkande.

 

Folkemusikk
Dans
Kursvirksomhet
Barn og Unge