Du er her

DEN STORE, INTIME FESTIVALEN

Jørn Hilme-stemnet – den store, intime festivalen – vart skipa i 1960 og er den eldste folkemusikkfestivalen i Noreg. Dans er eit varemerke og på HILME går det tradisjonelle og eksperimentelle i tospann. 

Det er Valdres Folkemuseum, og den dåverande styraren Eiliv Odde Hauge som har æra for at stemnet starta tilbake i 1960. Etterkvart tok Valdres Folkemusikklag over ansvaret for gjennomføringa, og ofte var det den tilsette folkemusikksekretæren som gjorde mykje av førebuingsarbeidet. 

Stemnet vart ved starten gjeve namn etter Jørn Hilme (1778–1854). Han var ein storspelemann frå Ulnes i Nord-Aurdal. Skjegle-Jørn, som var eit av mange namn på Jørn, hadde avgjerande innverknad på hardingfelespelet i Valdres, og fekk også stor innverknad på spelet i Hallingdal, i Sogn og på Voss. Mange av speltradisjonane i Valdres reknar seg meir eller mindre tilbake til Jørn, og storspelemannen Olav Moe var særleg ivrig i å trekke liner til Jørn. Stemnet var frå starten ein kombinasjon av kappleik, konsertar, teater og dans, og ved opninga i 1960 vart det t.d. premiere på ei teaterframsyning om Jørn Hilme, med mange av dåtidas mest profilerte spelemenn i rollene.

Dei siste åra er konsertane ytterlegare vektlagt, men kappleiken er framleis ein av dei største i landet. Nettopp kombinasjonen av kappleik, festival, kurs, dans og fest gjer stemnet populært. I tillegg er dei små stovene på Valdres Folkmuseum og konserten i stølsområdet Jaslangen to arenaer som har vore med på å definere Jørn Hilme–stemnet dei siste åra. 

Strunkeveko, ei kursveke for ungdom, er ein direkte avleggjar av Jørn Hilme–stemnet, og blir arrangert same veke som Jørn Hilme–stemnet kvart år.

Sidan 2009 har Valdres Folkemusikkarrangement AS stått for drifta av festivalen. Dette er eit ideelt AS eigd av Valdres Folkemusikklag som er regionlaget for alle spel– og dansarlag i dalen. 

Folkemusikk
Dans
Kursvirksomhet
Barn og Unge