You are here

Dei Nynorske Festspela er ei årleg feiring av den nynorske skriftkulturen, med dei beste forfattarane, den gode musikken og dei uventa bileta.
Festspela blir  i 2021 arrangert for 29. gong på Ivar Aasen-tunet og andre stader i Ørsta og Volda. .

 

I år blir Dei nynorske festspela digitale. Under kan lese meir om korleis vi vanlegvis arrangerer festivalen.

Møt aktuelle forfattarar. Nyt konsertar ute i amfiet. Opplev teater, litteratur, musikk og kunst i Ørsta og Volda. Et god mat. Møt trivelege folk. Ver velkomne til Dei nynorske festspela!

Under festivalen yrer det av liv i Ivar Aasen-tunet. Amfiet blir fylt av opningshøgtid, underhaldning, pop-, rock-, folkemusikk- eller jazzkonsertar, barneteater, gudsteneste og stemne. Utekafeen er open og har eit variert tilbod med lunsj, middag og kaker. I salen er det teater, forfattarmøte, meir intime konsertar og kulturfaglege førelesingar. Utstillingane er opne og butikken har gode tilbod. Desse dagane kan alle finne noko for seg i tunet. 

Det er også arrangement på kafear, skular, barnehagar, bibliotek og andre stader på Søre Sunnmøre.   

Litteratur
Ivar Aasen
Kulturfestival
Barn og Unge