Du er her

Hospitering - tilbud til arrangører av festivaler

Som eit ledd i gjennomføring av Knutepunktoppdraget, tilbyr Norsk Countrytreff ei hospiteringsordning, der andre festivalar har høve til å søke om å få delta.Gjennom hospiteringa vil deltakarane få kjennskap til korleis organisasjonen er bygd opp og korleis festivalen vert planlagt og gjennomført. NB!  Søkarane må inneha eller skulle ta til i ein ansvarsrolle i ein festival eller liknande arrangement, der den erfaringa vi kan tilby gjennom hospiteringa, er relevant for eige arrangement.

Opplegg:

Onsdag 9.juli, ettermiddag:   Informasjonsmøte

Torsdag –søndag 10.-13.juli:

Vaktliste etter avtale, avhengig av kva område ein ynskjer fordjupe seg i. Deltakarane følgjer erfarne funksjonærar.Deltakarane får festivalpass og har fri tilgang til konsertane på hovudarenaen når ein ikkje er på vakt.  Deltakarane må møte utkvilte og edru på jobb. Det er ikkje høve til å nyte alkohol på vakt!

Fordjupingsområde:

Vaktordning hovudarena og camping, Anlegg, Servering, Konsertgjennomføring og artistkontakt, Organisasjon og administrasjon inkl.billettregistrering.

Kostnad:

Sjølve hospiteringa er gratis, men deltakarane må betale reise og overnatting sjølve.  Bur ein på festivalcampen, er det inkludert i festivalpasset. Ynskjer ein annan mat enn det som ligg i funksjonærkantina, må ein koste det sjølv.

Aldersgrense:

Alle søkarar må vere over 18 år.

Søknadsfrist

Søknadsfristen er 13.juni 2014. Interesserte søkjarar registrerer seg elektronisk under og sender stadfesting  på e-post.

Påmeldingsskjema finner du her.