Du er her

Premiere på Nenia - - en kammeropera til minne om Fartein Valen

Operaen låner sin tittel frå eit av dei sentrale orkesterverka til Fartein Valen, skrive i 1933. Nenia tyder klagesong eller minnesong, og gjer det naturleg å bruke tittelen i ein opera som er skriven nettopp til minne om Valen. Den ytre ramma for handlinga er éin dag under andre verdskrigen, ein dag i 1943, midt mellom vinter og vår. Vi møter Fartein og søstra Sigrid i sitt kvardagsliv, men kvardagens enkle tankar og plikter må etterkvart vike for krigens redsler og framtidsfrykt, og ikkje minst for minne som heimsøker Fartein frå det liv han har levd, heilt frå barndomens Madagaskar til den vaksne komponistens tid i Berlin. Minnebilete bryt seg inn i det kvardagslege, tid og rom løyser seg opp, og det nære og enkle står mot det store og ugripbare. Her er levd liv, men også draumar om det som livet hans aldri gav plass for. Stemmer og figurar dukkar opp og forsvinn, før vi til slutt er attende i Farteins nære kvardagslege verd, i Valevåg, like før vinter må vike for vår.

Musikken i operaen er heilt og fullt Habbestads eigen, men med eit sujett som dette er det rimeleg at element frå Valens musikalske univers til tider vil kunne anast gjennom den nykomponerte musikken, som ein tributt og som ei påminning.

Libretto: Paal-Helge Haugen
Musikk: Kjell Habbestad
Regi: Mira Bartov
Produsent: Gjøril Songvoll

Fartein Valen: Mathias Gillebo, tenor
Sigrid Valen: Lydia Moellenhoff, mezzosopran
Mannen: Daníel Óskar Daníelsson, bassbaryton
Kvinna: Magnhild Korsvik, sopran

Samansett sinfoniettaensemble
Dirigent: Magnus Loddgard

Speletid ca 75 min., utan pause

Framføringar:
Premiere: Ultima, 15. september
Festiviteten, Haugesund: 18. og 19. september
Oslo Operafestival: 8. oktober