Du er her

Talentkonkurranse innanfor countrysjangeren

Første helga i mars inviterer Norsk Countrytreff til talentkonkurranse innanfor countrysjangeren. Det er to alderskategorier og ein kan delta åleine, som vokalist eller instrumentalist, som gruppe eller som trubadur. 

Inntil 20 talent i to kategorier vert valt ut til finalen. 
- Under 20år (Band/grupper: min. 60% av medl. må vere under 20 år) - Over 20 år (Band/grupper: min 60% av medl. må vere over 20 år)

Påmelding:

Innsending av bidrag (min. 1 melodi, max. 5 melodiar) på CD
eller digital fil innan 1. februar 2015. Bidraget treng ikkje vere sjølvkomponert, men sjølvkomponert materiell kan vere avgjerande ved utvelging. Ein jury vel ut dei bidrag som går vidare. Desse vert kontakta etter 1.februar.


Sendast til:
Post: Norsk Countrytreff, Reedsenter, 6827 Breim,
E:post: nct@breim.no
Fyll inn skjema som du finn på nettsida og legg ved bidrag. www.norskcountrytreff.no 

Flotte premiar, m.a. opptreden under Norsk Countrytreff 2015!

Har du spørsmål, kontakt koordinator i Norsk Countrytreff, Kristin Sandal, mob 95285015 eller kristin@norskcountrytreff.no 

 

Finale: 7.mars 2015
Stad: Trivselshagen, Gloppen