Du er her

Landsfestivalen i gammaldansmusikk

Dato: 3.-7. august 2022, Vågå

Landsfestivalen i gammaldansmusikk er noregsmeisterskapen i gammaldans, kor det vert konkkurrert i omlag 15 ulike klassar i spel og dans for både juniorar og seniorar. I tillegg til tevlingane er det dansespel og sosialt samvære som er i hovudfokus under festivalen.

Arrangementet er ambulerande og flyttar kvart år til ein ny arrangementsstad. Det er FolkOrg – organisasjonen for folkemusikk og folkedans som eig arrangement, men har kvart år ein lokal arrangør som er eit eller fleire av dei lokale laga i organisasjonen.

Den fyrste Landsfestivalen vart arrangert i Førde i 1986, og har sidan vorte arrangert kvart år. Det kjem om lag 3000 besøkjande og det deltek omlag 700 personar i tevlingane.

Folkemusikk
Dans
Konkurranse
Barn og Unge